Kunstnar Malin Vik og lærar ved Søre Ål skole, Ida Nordstrand Veskje
Søre Ål skole
Prosjektet består av eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar samarbeider om å gje elevane i 1. og 2. klasse kunst og skulefag over to år.
Prosjektleiar for Kunsten å lære i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt, seier at oppstarten ved alle seks skulane har gått veldig bra.
- Endeleg er vi i gong. Dette er veldig spennande. Alle skulane gjer akkurat det same. Resultatet skal målast gjennom det vi kallar eksekutive funksjonar i hjernen. Då tek vi i bruk både eit dataspel og eit spørjeskjema.
-Høve til å utvikle og oppdage kreative læreprosessar
Søre Ål skole i Lillehammer er ein av seks skular i Innlandet som deltek. Adjunkt og lærar Ida Nordstrand Veskje er tydeleg på kvifor skulen valde å delta i prosjektet.
- Først og fremst var dette eit prosjekt som verka annleis og interessant. Her får vi høve til å utvikle og oppdage kreative arbeidsmåtar og metodar saman med elevane, ved hjelp av ein kunstnar. Ein av dei grunnleggande kompetansane som skal dekkast i den nye læreplanen handlar nettopp om kreativitet og innovativ tenking.
Veskje fortel vidare at kunstneren skal jobbe tett saman med lærarane innafor det som er deira hovudoppdrag.
- Vi trur at dette prosjektet kan være ei god støtte i arbeidet vårt med å lukkast i opplæringa.
Drama- og teaterkunst i undervisninga
Kunstner Malin Vik frå Alta, skreiv masteroppgåve ved OsloMet om drama som læringsform i Fagfornyinga. No er ho ansatt i eit engasjement i Innlandet fylkeskommune. Dermed er Kunsten å lære og Søre Ål skole hennar arena dei neste to åra.
- Eg brukar i all hovuedsak drama- og teaterkunst i undervisninga, men tek óg i bruk verkemiddel frå både biletkunst, song- og stemmebruk, kunst og handverk med meir. Estetiske læreprosessar og metodar som tek i bruk kroppsleg, relasjonell, utforskande, skapande og effektive tilnærmingar til læring er tipp topp her, seier Vik entusiastisk.
Oppstarten denne veka vart i hovudsak brukt til at kunstnar og elevane skulle bli kjende med kvarandre.
- Dei fekk spørje so mange spørsmål dei ville rundt Kunsten å lære. Vi har leika, hatt namneleik og brukt god tid på lære om oss sjølve og kvarandre. Elevane har allereie imponert stort gjennom å vere tankelesarar, supergjettarar og utforskarar i møte med den nye læraren og Kunsten å lære.
Håpar på større bevisstgjering
Vik håpar at prosjektet skal bidra til bevisstgjering rundt måten vi tenker på, og forheld oss til læring.
- Eg håpar at fleire skal få opp augene for viktigheita av kunst og estetiske fag i skulen, og sjå at læring ikkje berre handlar om toppen, men å ta i bruk heile kroppen. Og, eg håpar å lære meir om kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen.
Fantastisk å vere i gong
Vik håpar at ho kan vere med på å skape ein skulekvardag fyld med leik og læring i skjønn foreining for elevane.
- Draumen er at dei skal få oppleve glede, meistring, magi og spennande møte gjennom bruk av kunst og kultur og estetiske læreprosessar. Elles håpar eg å få utvikle meg sjølv og mi rolle som pedagog.
Vik understreker at ho synast det er fantastisk å vere i gong.
- Etter mange veker og månader med venting var det endeleg i gong - ein pangstart med mykje latter, glede, litt forvirring, store auge og overraskande born. Både lærarar og elevar har teke meg godt i mot. Eg gler meg til fortsetjinga, avsluttar Vik.
Om Kunsten å lære
- Kunsten å lære er eit internasjonalt toårig prosjekt som forskar på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen.
- Prosjektet består av eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar samarbeider om å gje elevane kunst og skulefag kombinert, som ein del av «livet i skulen» over to år.
- Kunsten å lære vert fylgd av eit sjølvstendig forskingsprosjekt som ser på effekten opplegga har på born sine eksekutive funksjonar. Prosjektet er basert på ein pilot som vart gjennomført i 2018–2019.
- Jørstadmoen, Aurvoll og Søre Ål skular i Lillehammer-regionen og Tylldalen, Fåset, Alvdal skular i Østerdalen er med i prosjektet.
- Prosjektet er leia av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Høgskolen i Innlandet, Creativity, Culture and Education (CCE), T-Tudok (gjennomfører same prosjekt i Ungarn), Kulturtanken, Nasjonalt senter for kunst og kultur i utdanningen (KKS), Nord universitet, Centro de Desarrollo den Tecnologias de Inclusion (CEDETI), Pontifical Catholic University i Chile, Skulesjefane i Lillehammer, Øyer, Tynset/Alvdal, ADHD Norge og Teater i Fjellregionen.
Du kan lese meir om prosjektet Kunsten å lære her.