Born på Søre-Ål skule som viser fram gullkista
Mariann Bjelle
Torsdag 7. september blir det arrangert eit seminar som vil løfte fram nettopp ulike sider av prosjektet gjennom foredrag, utstilling og samtaler.
Det vil også innehalde møte med deltakarar, prosjektgruppe og forskarar.
Gjennom prosjektet er det samla erfaringar om elevmedverknad, skuleutvikling, elevane si utvikling gjennom kunst, samarbeid mellom kunstnarar og lærarar, performativ læring, djubdelæring, eit inkluderande klasserom, samt praktiske og estetiske læringsprosessar. Desse skal delast og diskuterast denne dagen.
Meld deg på seminaret her
Program:
09:00 – 09:30 Registrering, kaffe/te ved ankomst.
09:30 – 11:30 Kva er Kunsten å lære? Korleis og kvifor har Kunsten å lære oppstått? Korleis ser Kunsten å lære ut i praksis?
- KEYNOTE speaker: How and why did Art of Learning begin? On Executive functions, creativity and Art of Learning’s history. Professor Ricardo Rosas Díaz, Director of Center for the Development of Inclusion Technologies, Pontificia Universidad Catòlica de Chile. Ph.D. in Cognitive Psychology.
- «Vi leiker medan vi lærer» - om Kunsten å lære i Noreg Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt, rådgjevar og scenekunstprodusent for Den kulturelle skolesekken i Innlandet fylkeskommune.
- Omvisning i Kunsten å lære-utstillinga: Elevar frå 4. trinn ved Alvdal barneskule viser rundt i utstillinga av elevarbeid frå Kunsten å lære 2021-23.
11:30 – 12:15 Lunsj med kål attått
12:15 – 16:00 Er kunst og kultur løysinga på mange av utfordringane skulen og samfunnet står i? Treng vi Kunsten å lære? Kva vil det innebera om norsk skule vert meir KÅLsk?
- Kunsten å lære i praksis
v/Shelli Lake, KÅL-kunstnar, master i Arts, theatre, frå Emerson College, USA
- Innsideperspektiv - Diskusjonspanel med aktørar frå Kunsten å lære:
Hans Øyvind Lyshaug (rektor Aurvoll skole, Øyer), Ida Nordstrand Veskje (lærar Søre Ål skole, Lillehammer), Malin Kathrine Vik (KÅL-kunstnar, Søre Ål skole og drama- og teaterpedagog og universitetslektor, Oslo Met), Evy Sunde (forelder og leder av bedrifta Skriverform AS).
- Kaffepause, observasjon av elevaktivitet i utstillingslokalet
- Research perspectives - Discussion panel (in English):
Tone Pernille Østern (Professor in Arts Education and Dr. of Arts in Dance fra University of the Arts Helsinki, forfatter), Ricardo Rosas Diaz (Director of Center for the Development of Inclusion Technologies, Ph.D. in Cognitive Psychology), Trine Ørbæk (professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, leder evalueringen av fagfornyelsen i praktiske og estetiske fag), Aud Berggraf Sæbø (professor i drama ved Universitetet i Stavanger).
- Kaffepause, drop-in observasjon av elevaktivitet i utstillingslokalet
- Refleksjon over dagen med utgangspunkt i KÅL, og forslag til vegen vidare
Praktisk informasjon
Tid: Torsdag 7. september 2023
kl. 09:30- 16:00
Stad: Kulturtanken
Gullhaug torg 2, Nydalen, Oslo