Fast på fredag - zoom, smil og litt til

Digitale møter kvar fredag er vorte fast rutine for samarbeidsgruppa i det internasjonale prosjektet Kunsten å lære.

Partnerane i prosjektet som deltek på faste fredagsmøter: CCE, T-Tudok og Innlandet fylkeskommune. - Klikk for stort bildePartnerane i prosjektet som deltek på faste fredagsmøter: CCE, T-Tudok og Innlandet fylkeskommune. Sebastian Blomli Via Zoom møtes Ungarn, England og Norge for å dele erfaringar og diskutere framtida i prosjektet. Det er alltid noko å snakke om.

Verdifullt samarbeid

– Vi kunne gjennomført prosjektet aleine, utan å samarbeide med internasjonale aktørar, men då hadde det vorte ein heilt annan mengde og press på oss, seier Marie Hundevadt, prosjektleiar.     

Prosjektet baserer seg på eit teoretisk grunnlag som er utvikla av partneren CCE, Creativity, Culture & Education, i England og det er derfor vMarie Othilie Hundevadt, prosjektleiar Kunsten å lære - Klikk for stort bildeMarie Othilie Hundevadt, prosjektleiar Kunsten å lære Kirsti Hovde eldig riktig at dei er med.

CCE deltek i det digitale møtet kvar fredag, og kan kome med sine innspel direkte til oss andre, i takt med at prosjektet utviklar seg.

August i 2021 starta prosjektet Kunsten å lære opp, som i praksis går føre seg på seks barneskular i Innlandet fylke og tre skular i Ungarn.

Midlane til prosjektet kjem frå både norske (Sparebankstiftelsen DNB) og internasjonale organ (Erasmus+). I tillegg brukar fylkeskommunen eigne midlar på prosjektet (kulturavdelinga og internasjonalt).

Høgskulen i Innlandet, ved institutt for psykologi, er viktig partner og ansvarlig for forskninga.

Kjenner kvarandre frå før

På fredagsmøta vert det stadig referert til eit tidligare samarbeidsprosjekt, som partnarane hadde saman i 2013 til 2017. Då jobba dei saman om eit kulturprosjekt i dei vidaregåande skulane i Oppland, kalla Kreativt partnerskap. Nettopp den erfaringa ein gjorde seg då, gjer at ein har utvikla ein tett relasjon og trygg base, som skapar effektivitet i det pågåande prosjektet.

– Vi har felles omgrepsforståing og felles referansegrunnlag frå den gang. Vi har gjort unna den første bli kjent-fasen og kunne gå rett på kjernen og oppgåvene i Kunsten å lære, seier Hundevadt.

– Samstundes er det veldig godt å kunne dele og få drøfte utfordringar saman med partnarar som står i akkurat den same situasjon som oss sjølv. 

Diskuterer undervisningsopplegg

Ein del av tiden i møta går med til å planlegge praktiske ting, som å fastsetje dato for transnasjonale møtepunkt og andre aktuelle avklaringar.

Utvikling av innhald i undervisningsopplegga i skulane, er ofte tema. Det er grunnleggjande i prosjektet. Her er den felles erfaringa og attendemeldingane frå skulane både i Norge og Ungarn, viktige.

Les meir om då partnerane møttes i Norge hausten 2021. 

Veldig aktuelt på fredagsmøta no for tiden, er den komande midtvegsevalueringa som alle internasjonale prosjekt skal avlevere.

Godt samarbeid på tvers av avdelingar i fylket

Internasjonal rådgjevar Sebastian S. Blomli - Klikk for stort bildeInternasjonal rådgjevar Sebastian S. Blomli Mariann Bjelle  – Vi er godt i rute og jobbar i tråd med framdriftsplanen, seier internasjonal rådgjevar Sebastian Blomli.

Han var delaktig i å utvikle søknaden til Erasmus+, som gav internasjonale midlar inn i prosjektet. Blomli har gjennom si stilling og rolle ansvar for den internasjonale delen som oppfølging av økonomi, rapport og framdrift.

– Det er verdifullt for meg som internasjonal rådgjevar å ha så inngåande erfaring med eit slikt prosjekt, held han fram.

– For Innlandet fylkeskommune er internasjonalt samarbeid ein naturleg del av vår kvardag og arbeidsmetodikk. Samhandling med gode kompetansemiljø i heile Europa fører til meir utvikling og innovasjon i Innlandssamfunnet. Dette gir vidare eit meir mangfaldig og inkluderande samfunn. Kunsten å lære er eit godt eksempel på det.

Prosjektgruppa ser alltid fram til å møtast. Neste tema på agendaen er økonomi, sentralt og alltid i spel. 

Til toppen