Internasjonalt skulebesøk

Gjestane frå England og Ungarn vart imponerte over måten skulane har integrert Kunsten å lære i undervisninga.  

Rådgjevar og prosjektmedarbeidar Sebastian Siebrandt Blomli,  kunstnar Krisztina Vladár, kunstnar  Adrian Taxth Skrattegård, kunstnar Malin Kathrine Vik,  kunstnar Bernadett Kovács, prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt og  Diane Fisher-Naylor frå Creativity, Culture and Education. Rådgjevar og prosjektmedarbeidar Mariann Bjelle var ikkje til stades då biletet vart teke.  - Klikk for stort bildeRådgjevar og prosjektmedarbeidar Sebastian Siebrandt Blomli, kunstnar Krisztina Vladár, kunstnar Adrian Taxth Skrattegård, kunstnar Malin Kathrine Vik, kunstnar Bernadett Kovács, prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt og Diane Fisher-Naylor frå Creativity, Culture and Education. Rådgjevar og prosjektmedarbeidar Mariann Bjelle var ikkje til stades då biletet vart teke. Leila Øvreseth Kunsten å lære har nyleg avslutta eit vekelangt besøk frå dei internasjonale samarbeidspartane i prosjektet.

Føremålet var å utveksle erfaringar og dra nytte av kvarandre som likeverdige partnarar.

I Ungarn utfører dei nøyaktig same studie med kunst i undervisninga. Krisztina Vladár og Bernadett Kovács frå Ungarn og Diane Fisher-Naylor frå England var innom alle seks grunnskulane som deltek i prosjektet, både på Tynset, Alvdal og i Lillehammer-regionen. 

- Det har vore spesielt interessant å sjå korleis dei kunstnarlege metodane blir integrert i undervisninga her, seier Vladár. Ho er kunstmålar og jobbar som kunstnar og koordinator for Kunsten å lære i Ungarn. 

Store skilnader i skulemiljøet 

Det internasjonale gjestane la spesielt vekt på skilnadane i det fysiske skulemiljøet i Norge samanlikna med Ungarn.

- Det er store skilnader i skulebygningane og utstyret. Vi har færre moglegheiter, mindre bygningar, mindre utstyr og fleire born per vaksen.

- Men, borna er dei same. Dei oppfører seg på same måten også her. Det var godt å sjå, seier ho og ler. 

- Det var óg interessant å sjå teknikkane som blir nytta i undervisninga, nokre av desse kan vi ta med oss tilbake til Ungarn for å gjere det same der, legg ho til. 

Gjestane var blant anna på Jørstadmoen skule i Lillehammer og fekk følge med på dagens økt med kreativ læring.  - Klikk for stort bildeGjestane var blant anna på Jørstadmoen skule i Lillehammer og fekk følge med på dagens økt med kreativ læring. Mariann Bjelle

Implementert i timeplanen i Norge

Skulesystema er ulike i Norge og Ungarn, og i Ungarn er ikkje prosjektet implementert like godt i den faste timeplanen. 

- Det er ei utfordring som vi har løyst med å ha øktene delvis før skulestart om morgonen, men det er óg planen for Ungarn å implementere dette i timeplanen slik som i Norge, fortel prosjektleiar for Kunsten å lære i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt. 

- Det var veldig godt og inspirerande å sjå korleis dette har blitt handtert i Norge, supplerer Vladár.

Samarbeider med britisk stiftelse

Diane Fisher-Naylor har gjesta Norge, og Innlandet spesielt, gjennom mange år. Ho jobbar med kreativ læring gjennom organisasjonen Creativity Culture & Education (CCE).

CCE er ein liten internasjonal stiftelse med base i England. Kjernen i arbeidet deira er å dele erfaringar og ekspertise til utvikling av kreative program i skulen. I samarbeid med Innlandet fylkeskommune blir undervisningsopplegget i Kunsten å lære utvikla. 

- Vi arbeider med ei rekke prosjekt som involverer kreativ læring. Dette prosjektet her starta for seks år sidan då vi byrja å undersøke kva rolle kunst kan ha for borna si utvikling av kognitive funksjonar, seier Fisher-Naylor.

Ho innrømmer at dei er spente på resultata.

- Det har vore veldig interessant å sjå aktivitetane i skulen og høyre at lærarane no etter berre ti veker allereie har observert endringar, sjølv om det sjølvsagt er alt for tidleg å trekkje konklusjonar.

Omfattande prosjekt

Språket vart ikkje noko problem under besøket sjølv om alt i klasseromma føregjekk på norsk. 

- Innhaldet er nøyaktig det same som i Ungarn. Dei visste kva som skulle skje i timane før dei kom og hadde lese seg opp på førehand, fortel Hundevadt.

Ho påpeiker at storleiken på prosjektet Kunsten å lære er svært omfattande.

- Det er viktig å minne oss sjølve på at dette er noko som er langt større enn det som skjer i det små på kvar skule, i denne byen og i dette landet. Dette er eit prosjekt som både i gjennomføring og i påverknad går langt utover Norges grenser.

- Går imponerande bra

Prosjektleiaren er svært nøgd med erfaringane dei har gjort seg hittil i prosjektperioden.

- Det går over all forventning. Måten kunstnarane jobbar på og samarbeidet dei har med skulane går imponerande bra.

I mai 2022 går turen til Ungarn. Då reiser kunstnarane, enkelte lærarar og prosjektleiaren i Norge på studiebesøk dit for å lære endå meir.

Her kan du lese meir om prosjektet Kunsten å lære.

Til toppen