Kunstnarane om livet som innlendingar

Prosjektet Kunsten å lære har gitt folketalsvekst på tre kunstnarar til fylket. Korleis er livet i Innlandet så langt? 

Kunsten å lære - kurs med lærere i august - Klikk for stort bildeKunsten å lære - kurs med lærere i august Mariann Bjelle Dei kjem frå heilt ulike stader i verda. Shelli Lake har vokse opp i filmmetropolen Los Angeles, Malin Vik kjem frå Alta i nord og Adrian Skrattegård kjem frå Grimstad i sør. 

Felles for alle er at dei har utdanning innan drama og lang erfaring med teater.

Dei har óg til felles at dei har flytta til Innlandet for å vere involvert i Kunsten å lære-prosjektet i to år. 

Om å bli innlendingar

Og korleis er det å flytte til Innlandet, spurte vi. 

- Det er ein skikkelig vakker stad eg har flytta til, seier Shelli, som har leigd seg eit stort hus i landlege Auma i Alvdal. Når sjansen no var der, om å flytte ut på landet, ville ho gjere det skikkelig og få ei ordentleg bonderomantisk oppleving. Kontrasten til Los Angeles er stor.  

Adrian Skrattegård, Shelli Lake og Malin Vik. Kunstnere i Kunsten å lære-prosjektet. - Klikk for stort bildeAdrian Skrattegård, Shelli Lake og Malin Vik. Kunstnere i Kunsten å lære-prosjektet. Mariann Bjelle - Ein annan ting som har vore spesielt, er at folk veit kven eg er, seier Shelli. Lokalavisa har allereie skrive eit par saker som eg har vore involvert i, så eg går ikkje under radaren, seier ho med eit smil om munnen.

Ein av dei sjarmerande sidene ved å bu på ein liten plass der altså. 

For Adrian har det vore ein stor, men også fin overgang. Han likar at kulturmiljøet er rikt og strekkjer seg utover Lillehammer by, der han og sambuaren har funne ei leilegheit i sentrum. Eit kulturmiljø som han håpar å verte ein del av og bruke tid på i tillegg til jobben sin. 

- Skulane har også teke godt imot meg, seier Adrian. Derfor har det vore ei positiv oppleving å flytte til Innlandet. Eg føler meg allereie heime her. 
 

Eit eventyr

- Eg synes det har vore eit eventyr, seier Malin. Det er kanskje rart å sei det, men det føles som at alle på gata smiler til meg. Det er akkurat som at folk er meir opne og oppsøkjande. Eg føler meg faktisk litt meir heime her, enn i Oslo. Noko som også handlar om at Lillehammer der Malin bur, liknar meir på Alta, enn Oslo gjer.

Kunstnarane si rolle

Vi spurte alle tre om kva dei meiner er den viktigaste rolla dei har i prosjektet. 

- Vi føler at vi kjem inn som spesialstyrkar på eit fagområde som mange kjenner til, og kan ein god del om, men som ikkje så mange har høgare utdanning i, seier Malin, som jobbar på Søre Ål skule på Lillehammer.

- Vi tenkjer kanskje litt annleis enn lærarane og har ein annan vinkling og andre svar, som er viktig i gjennomføringa av dei kunstnarlege metodane, held Adrian fram. Adrian pendlar mellom Aurvoll og Jørstadmoen skule, og er den av kunstnarane som har den største klassa med elevar på ein gong. 

- Så skal vi sjå til at prosjektet faktisk blir gjennomført og at alle heng med på innhaldet og har det bra, både elevar og lærarar, seier Shelli. Ho har tre skular ho jobbar på, og blir godt kjend på vegane mellom Tylldalen, Alvdal og Fåset skule.  

Kjernen i prosjektet

Planlegging og gjennomgang av undervisningsopplegget. Adrian Skrattegård og lærere på møte i august -21 - Klikk for stort bildePlanlegging og gjennomgang av undervisningsopplegget. Adrian Skrattegård og lærere på møte i august -21 Mariann Bjelle Alle tre er samde i at den aller viktigste rolla, er at dei skal vere ein god samarbeidspartner på skulen. Dei skal inngå i kollegiet og gi råd til lærarane medan prosjektet pågår, og motsatt. Dei understreker at lærarane har sin fagkompetanse som lærar, medan kunstnarane har sin styrke frå kunstfeltet. Dette likeverdige samarbeidet er kjernen i prosjektet. 

Kunstnarane understreker også at dei på ingen måte skal kome inn i skulen og vite best om korleis skule skal drivast. For slik er det absolutt ikkje. Saman skal ein med dette prosjektet finne gode metodar der kunst blir brukt som læringsform. 

Glimt frå arbeidskvardagen

Vi ber kunstnarane fortelje oss om ein læringssituasjon som har vore ekstra givande, så langt i prosjektet. 

- Den situasjonen der bevegelsar vart til dans, likte eg seier Adrian.

- Elevane skulle starte med enkle små rørsler, som dei skulle setje saman til ein dans. Med musikk og lyd til, vart det mange flotte bevegelsar og stor mestring i elevgruppa. Mange avslutta den dagen med store smil og det var gøy å sjå. 

Malin og Shelli har begge god erfaring med ei øving der dei var "lærar i rolle" og var utkledd som professorar då elevane kom inn i klasserommet.

Shelli Lake i rolla som "Petra Smart" Forsker på institutt for nysgjerrighet.  - Klikk for stort bildeShelli Lake i rolla som "Petra Smart" Forsker på institutt for nysgjerrighet. Shelli Lake - Å sjå dei overraska augene til elevane i det dei kom inn. Og korleis elevane umiddelbart tok poenget og vart med på rollespelet med høgste alvor, var givande. Dei gjekk inn i kvar sin karakter og spelte overbevisande med på øvinga.

- Det var fantastisk å oppleve korleis elevane voks på det ansvaret dei faktisk hadde i den situasjonen, der dei fekk i oppgåve å bli med på rollespelet og improvisasjonen, avsluttar Malin. 

 

Internasjonalt kollegie

Alle prosjekta er altså kome godt i gang på skulane i Innlandet. Ungarn starta sitt prosjekt første veka i oktober og skal gjennomføre eksakt dei same øktene og innhaldet som i Norge.

Det betyr at dei tre kunstnarane i Norge vil få kollegaer med verdifull erfaring frå Ungarn, som dei kan dele sine tankar, råd og spørsmål med. Eit verdifullt nettverk av Kunsten å lære-kunstnarar både i Innlandet og utlandet. 

Til toppen