Om prosjektet

Kunsten å lære er eit internasjonalt toårig prosjekt som forskar på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen.

Kort fortalt

  • Prosjektet består av eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar samarbeider om å gje elevane kunst og skulefag kombinert, som ein del av «livet i skulen» over to år. 
  • Kunsten å lære vert fylgd av eit sjølvstendig forskingsprosjekt som ser på effekten opplegga har på born sine eksekutive funksjonar. Prosjektet er basert på ein pilot som vart gjennomført i 2018–2019.

Målsetjingar og meir informasjon

Prosjektet har overordna mål både innanfor forsking, skuleutvikling og kunstfag.