Høgskolen i Innlandet (HINN)
www.inn.no
Institutt for psykologi har ansvar for forskinga på prosjektet. Dei skal forske på effekten Kunsten å lære har for utvikling av eksekutiv funksjon hjå den enkelte eleven som deltek.
Dei vil ta i bruk den kvantitative indikatoren Yellow/Red, og følger utviklinga både i Kunsten å lære-skulane og i skulane i kontrollgruppa. Resultata vil verte publiserte i etterkant av prosjektet.
HINN har vore ein aktiv samarbeidspartner i Kunsten å lære sidan gjennomføringa av Kunsten å lære-piloten i 2018
Creativity, Culture and Education (CCE)
www.creativitycultureeducation.org
CCE har saman med Innlandet fylkeskommune utvikla alt innhaldet i undervisningsopplegget til Kunsten å lære 2021–2024, i tillegg til å bistå med kurs og rettleiing undervegs i prosjekta.
CCE er ein liten internasjonal stiftelse med base i England. Kjernen i arbeidet deira er å dele erfaringar og ekspertise til utvikling av kreative program i skulen.
CCE er anerkjend for Kreative partnerskap, og dei stod bak den fyrste Kunsten å lære-piloten (Art of Learning) i Skottland i 2017.
CCE har samarbeidd tett med Innlandet fylkeskommune gjennom Kreative partnerskap (i Oppland frå 2013 til 2017), samt i Kunsten å lære-piloten (2018). CCE utgjer saman med T-Tudok og Innlandet fylkeskommune den internasjonale prosjektgruppa.
T-Tudok
www.t-tudok.hu
T-Tudok var ansvarleg for å gjennomføre Kunsten å lære i Ungarn, parallelt med gjennomføringa i Innlandet.
T-Tudok er eit ungarsk forskningsinstitutt som sidan 2013 har gjennomført Kreative partnerskap i sin region Pech.
T-Tudok har samarbeidd med CCE og Innlandet fylkeskommune (Oppland) tidlegare, og relasjonen er fornya til dette prosjektet.
T-Tudok har saman med CCE og Innlandet fylkeskommune forma den internasjonale prosjektgruppa til Kunsten å lære 2021–2024.
Kulturtanken
www.kulturtanken.no
Kulturtanken er ein statleg fagetat for kunst og kultur til barn og unge, som også ivaretek det nasjonale ansvaret for Den kulturelle skolesekken.
Kulturtanken er representert i styringsgruppa for prosjektet, og sit i referansegruppe for utviklinga av undervisningsopplegget til Kunsten å lære. Vidare bidreg dei til formidling av resultata frå prosjektet.
Centre for Collaborative Learning for Sustainable Development (CCL), UNESCO chair v. HINN
www.inn.no
CCL er eit forskings- og læringssenter ved Høgskolen i Innlandet.
Dei er tildelt UNESCO Chair for utdanning for bærekraftig levesett, og jobber for å bidra til prosjekt nasjonalt og internasjonalt knytta til utdanning for berekraftig utvikling.
CCL bidreg med eit holistisk læreplanperspektiv inn i referansegruppa som jobbar med styrking av undervisningsopplegget.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i utdanningen (KKS), Nord universitet
www.kunstkultursenteret.no
KKS er ein nasjonal aktør som skal bidra til økt kvalitet i kunst- og kulturfaga i barnehagen og grunnopplæringa.
I Kunsten å lære bidreg KKS med publisering og formidling av resultata av prosjektet i etterkant. Samarbeidet med KKS vart etablert under Kunsten å lære-piloten (2018).
Centro de Desarrollo denTecnologias de Inclusion (CEDETI), Pontifical Catholic University i Chile
CEDETI bidreg til forskinga gjennom utviklinga av Yellow/Red, ein nettbrett-test av eksekutiv funksjon for barn.
Skulesjefane i Lillehammer, Øyer, Tynset/Alvdal
Prosjektet har samarbeidd med skulesjef-nivået i prosjektkommunene. Ansatte på dette nivået har bidrege inn i referansegruppe for utvikling av undervisningsopplegga.
Gruppa er representert i styringsgruppa for prosjektet gjennom skulesjefen i Lillehammer.
ADHD Norge
www.adhdnorge.no
ADHD Norge er ein frivillig organisasjon for menneske med ADHD.
ADHD Norge vil delta i referansegruppa, i drøfting av resultata i forskinga, samt med spredning av resultata frå forskinga.
Teater i Fjellregionen
Teater i fjellregionen på Facebook
Teater i Fjellregionen er eit interkommunalt samarbeid mellom Tynset, Tolga, Os, Rendalen, Folldal og Alvdal. Teateret som har som oppgåve å vera ein pådrivar og ein ressurs for ulike teaterprosjekt i regionen.
Teater i Fjellregionen samarbeider med Kunsten å lære ved å tilby kunstnaren som skal jobbe i Fjellregionen supplerende arbeid, noko som til saman gav ei fulltidsstilling i heile prosjektperioden.