Om prosjektaKunsten å lære har utvikla seg gjennom fleire år og fleire prosjekt. Her kan du finne informasjon om kvart einskild av dei.Kunsten å lære består av fleire delprosjekt:Kunzt.no har produsert ein film om Kunsten å lære. Den ser du her. Kunsten å lære 2023–2025 (NYKÅL)NYKÅL er ei vidareføring av Kunsten å lære (KÅL) med mål om å forankre KÅL-metodikken og tankegangen endå djupare i skulane. Framgangsmåten er eksperimentell, der vi gjennom prøving og feiling, dialog, testing og justering, vil finne ein modell som eignar seg til å rotfeste KÅL-metodikk og tankegang i ein skuleorganisasjon. FaktaKva skular er med:Søre Ål skule (Lillehammer)Aurvoll skule (Øyer)Kunstnarar: Malin Kathrine Vik (Søre Ål)Adrian Taxth Skrattegård (Aurvoll, år 1)Rose Marie Aker (Aurvoll, år 2)Elevar involvert: 471Lærarar og skuleansatte involvert: 83Lengde på prosjektet: 2 år (2023–2025)NYKÅL er eit prosjekt som blir til undervegs, men premissa er klare: Ein kunstnar frå KÅL fortset å jobbe på KÅL-skulen med KÅL-aktivitet.Kunstnar og lærarar utviklar nye KÅL-tema i samarbeid, ut frå ønske og behov på skulen, og ut frå kunstnaren sitt eige kunstnariske virke og spesialitet. NYKÅL inneber at elevane som hadde KÅL framleis får KÅL gjennom prosjektet. Samtlege elevar på skulen får erfare læring gjennom KÅL, i større og større grad gjennom prosjektperioden.NYKÅL inneber kunnskaps- og erfaringsdeling mellom kunstnar og kollegiet ved skulane – praktiske workshop, felles KÅL-baserte prosjekt på skulen, KÅL-samling for alle ansatte med meir. Skulane tilset ein av sine eigne som KÅL-koordinator i 20 % stilling det andre året, for slik å overføre eigarskapet til KÅL i eigen organisasjon. Rektor på NYKÅL-skulane er plikta til å utarbeide ein fem-årig strategiplan for KÅL i framtida. Skulane som har teke del i NYKÅL, og som har gjennomført planlagte opplegg gjennom to år, kan verte sertifiserte som KÅL-skular. Prosjektleiinga bistår NYKÅL-skulane dersom dei ønsker å søke eksterne midlar til å fortsetta vegen vidare i tråd med KÅL.Prosjektleiing og finansieringKunsten å lære v/ Den kulturelle skolesekken, Kultur, Innlandet fylkeskommuneFinansielle partnarar: Sparebankstiftelsen DNB, Innlandet fylkeskommune, KulturtankenKontakt for meir informasjon: prosjektleiar Marie Othilie HundevadtKunsten å lære 2021–2024 (KÅL)Kunsten å lære var eit internasjonalt prosjekt som forska på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen. Prosjektet besto av eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar samarbeidde om å gi elevane kunst og skulefag i kombi som ein del av «livet i skulen» over to år. FaktaKva skular var med i Norge:Fåset skole (Tynset)Tylldalen skole (Tynset)Alvdal barneskole (Alvdal)Jørstadmoen skole (Lillehammer)Søre Ål skole (Lillehammer)Aurvoll skole (Øyer)Kva skular var med i Ungarn: Bartfa barneskule (Pécs)Pecsi Sebestyen barneskule (Budapest)Mikszath Kalman barneskule (Budapest)Kontrollskular i Norge: Solvang skole (Øyer)Vingelen skole (Tolga)Kvikne skole (Tynset)Røyslimoen skole (Lillehammer)Odnes skole (Søndre Land)Kunstnarar: Malin Kathrine Vik (Søre Ål)Adrian Taxth Skrattegård (Aurvoll og Jørstadmoen)Shelli Lake (Fåset, Tylldalen og Alvdal)Linda Victoria Røise (Søre Ål)Elise Bakke (vikar)Rose Marie Aker (vikar)Lærar og skuleansatte:47Deltakande skular:16Elevar involvert:644Lengde på prosjektet i skulen:48 veker Vil du se denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapsler. Pilot Ayrshire Skottland 2016–2018Kunsten å lære-piloten i Skottland var ei to kortare pilotar (prøveprosjekt) for elevar mellom sju og elleve år. Prosjektet var utvikla av Creativity, Culture and Education (CCE), gjennomført i samarbeid med Creative Scotland og Education Scotland. Pilotprosjektet involverte elleve skular det første året og ni skular andre året. Du kan lese meir om piloten i Skottland herI denne artikkelen kan du sjå ein video frå første året i pilotenI denne artikkelen kan du sjå ein video frå andre året i pilotenKunsten å lære – pilotprosjekt 2017–2018ForskingspilotKunsten å lære-piloten i Oppland var ein eittårig pilot (prøveprosjekt) tilpassa elevar i alderen seks til åtte år og norsk skulekontekst. Dette var og er framleis eitt av få døme på studier med denne innfallsvinkelen i Noreg. («Ung kultur», Telemarksforskning 2019).SamarbeidKunsten å lære-piloten vart gjennomført av Oppland fylkeskommune i samarbeid med opphavsorganisasjonen Creativity, Culture and Education (CCE), Høgskolen i Innlandet (INN), Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen og Kulturtanken.Piloten var eit 12 veker langt program med kunst- og kulturaktivitet i tre skular i Oppland.KonklusjonRapporten konkluderte i korte trekk med at det var enkelte positive og statistisk signifikante funn, ein indikasjon på at kunst i skulen har positiv effekt på utvikling av eksekutiv funksjonar. Men ettersom det var ein forskingspilot med relativt lite utval og avgrensa tidsrammer, konkluderte ein med at det vil måtte gjennomførast ei breiare undersøkjing for å få tydelegare svar.Her kan du lese rapporten fra piloten “Can art be the key to developing executive functions in children?”Her kan du lese artikkelen som er publisert i Frontiers in PsychologyKunsten å lære 2025–2028 (SPISSKÅL)SPISSKÅL er ei vidareføring av Kunsten å lære, som Søre Ål skole sjølv har søkt om å få vidareføre etter svært gode erfaringar og tilbakemeldingar frå både elevar og tilsette. Det er Lillehammer kommune som eig prosjektet og har som mål å gje alle elevar ved Søre Ål skole tilgang til kunstfagleg kompetanse og kunstaktivitetar i kvardagen. Samstundes skal tilsette ved skulen få spisskompetanse i kunst- og kulturmetodikk. I tillegg skal prosjektet bidra til å spreie KÅL-metodikken til andre skular - lokalt, nasjonalt og internasjonalt.FaktaSkule: Søre Ål skole (Lillehammer)Kunstnar: Malin Kathrine VikElevar involvert: 340Lærarar og tilsette involvert: 45Lengde på prosjektet: 3 år (2025–2028)SPISSKÅL – vidareføring og spreiing av KÅL på Søre Ål skoleSPISSKÅL bygger vidare på erfaringane frå KÅL og NYKÅL, med eit endå større fokus på forankring og spreiing av metodikken: Den interne KÅL-koordinatoren frå NYKÅL tek rolla som prosjektleiar i SPISSKÅL (20 % stilling). Skulen sin KÅL-kunstnar fortset i prosjektet, men no som skulen sin huskunstnar.Prosjektleiar, huskunstnar og skulen si leiing utgjer prosjektgruppa. Huskunstnar rettleiar skulen sine tilsette i KÅL-metodikk, samstundes som ho underviser i KÅL på alle trinn og arbeider med å spreie KÅL-metodikk lokalt, nasjonalt og internasjonalt.Huskunstnar og lærarar utviklar nye KÅL-tema i fellesskap, som er tilpassa skulen sine behov og kunstnaren sin faglege profil. Alle elevane på skulen deltek i KÅL-undervisning, både gjennom prosjekt med huskunstnar og saman med sine eigne lærarar.Det blir kunnskaps- og erfaringsdeling mellom huskunstnar og skulen sine tilsette. Det blir praktiske workshops og felles KÅL-baserte prosjekt. Det blir KÅL-samlingar for alle tilsette ved skulen.SPISSKÅL arbeider for å gjere KÅL-metodikken tilgjengeleg for andre skular, gjennom ressurshefte, instruksjonsvideoar, føredrag, workshops og ein modell for spreiing. Rektor utarbeider ein femårig strategiplan som sikrar at KÅL blir forankra i skulen si vidare utvikling. Prosjektleiing og finansiering: Lillehammer kommune v/ Søre Ål skoleFinansielle partnarar: Sparebankstiftelsen DNB, Lillehammer kommune For meir informasjon, ta kontakt med huskunstnar: Malin Kathrine Vik eller prosjektleiar: Ida Nordstrand Veskje .Les om forskingsresultata Kulturtanken v/Erik F Brandsborg Sist endret 07.10.2025 10.24