Kunstfagleg målsetting
Kunstfagleg er målsettinga å synleggjere verdien kunst har for utvikling av eksekutuve funksjonar, læring, trivsel, meistring og inkludering. Det er òg ei målsetting å synleggjere kunstnarar sin ekspertise, og auke anerkjenninga av kunstnarar og kunstfag som nøkkelressursar inn i skulen.
Kunsten å lære viser kva rolle kunstnarar kan ha, og kva effekt kunst kan ha i skulen, og viser korleis kunstfagleg metodikk står støtt òg utanfor kunsten sine eigne arenaer.
Effekten av kunst og kultur i skulen
Det er aukande semje internasjonalt om at kunst og kreativitet bør få større plass i skulen.
Eigenskapane barn utviklar gjennom kunst og kultur er avgjerande for å fungere i dagens samfunn, men innsikt i korleis desse eigenskapane vert utvikla, er mangelvare. Kunsten å lære svarer opp dette behovet.
Med prosjektet viser vi korleis kunst og kultur «som del av livet i skulen» kan sjå ut og kva effekt det kan ha. Kombinasjonen av eit sterkt kunstfagleg program og eit sjølvstendig forskingsprosjekt som måler effekten på eksekutive funksjonar, sosial inkludering, trivsel, meistring og læring, kan vere banebrytande.
Nasjonal og internasjonal interesse
Resultata frå Kunsten å lære vil vere av nasjonal og internasjonal interesse og kan auke kunnskapen og interessa for kunst generelt i samfunnet.