Prosjektet har fått politisk oppslutnad

Kunsten å lære-prosjektet vart vedteke av fylkesutvalet 9. mars. Det betyr at prosjektet formelt er i gang.

Barnehender tegner regnbue på asfalten med kritt - Klikk for stort bilde Mostphotos Fylkesutvalet vedtok prosjektet Kunsten å lære i fylkesutvalsmøtet den 9. mars 2021. Vedtaket var einstemmig mot ei stemme frå Frp.

Det betyr at prosjektet, som baserer seg på piloten «Kan kunst være nøkkelen for utvikling av eksekutive funksjoner hos barn», formelt er i gang. 

Politisk vedtak

Dei politiske vedtaka er som følgjer:

  1. Prosjektmandat og organisering av det internasjonale forsknings- og innovasjonsprosjektet Kunsten å lære godkjennes.
  2. Som en del av sin egenandel styrker Innlandet fylkeskommune prosjektledelsen med en prosjektkoordinator i et engasjement ut 2023 i overensstemmelse med prosjektplanen. Kostnadene til prosjektkoordinatoren har en ramme på kr 1 237 500 i den samlede prosjektperioden.

Prosjektmandat og organisering av prosjektet Kunsten å lære (PS 23/2021)

Piloten

Våren 2019 vart forskingspiloten Kunsten å lære (KÅL) avslutta med rapporten «Kan kunst være nøkkel for utvikling av eksekutive funksjoner hos barn?». Dette er pr. i dag eit av få eksemplar på studiar med denne innfallsvinkelen i Norge (Ung kultur, Telemarksforsking 2019).

Kunsten å lære-piloten vart gjennomført av Oppland fylkeskommune i samarbeid med opphavsorganisasjonen Creativity, Culture and Education (CCE), Høgskulen i Innlandet (INN), Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa og Kulturtanken. Piloten var eit 12 veker langt program med kunst- og kulturaktivitet i tre skuler i Oppland.

Verdifulle samarbeidspartnarar og bakgrunnsarbeid

Piloten vart til etter mangeårig satsing, opparbeiding, og dertil brei erfaring frå fleire skuleutviklingsprosjekt på kultureininga i tidligare Oppland fylkeskommune.

Felles for alle er at kunst og kreativitet har stått i fokus. I tilskotsordninga Kriblemidler delte ein ut midlar til store kunstprosjekt på skular som del av Den kulturelle skolesekken, og i programmet Kreative partnarskap var fylkeskommunen i tillegg skuleeigar, då kunstaktiviteten gjekk føre seg på dei vidaregåande skulene.

Arbeidet inkluderte også TRacksforA, eit Erasmus + partnarskap, der fylkeskommunen gjekk inn i eit europeisk nettverk for skule-kultur-samarbeid saman med blant andre Storbritannia og Ungarn, dei same partnarane som no inngår i Kunsten å lære. 

Stor interesse etter piloten

I etterkant av Kunsten å lære-piloten har interessa og etterspurnaden etter resultata av piloten vore  overveldande stor, både nasjonalt og internasjonalt.

Med utgangspunkt i den spesialiserte kompetansen IFK her sit med, dei gode samarbeidsrelasjonane som vart etablert gjennom piloten og den store etterspørselen for prosjektet, tok Kulturavdelinga saman med INN initiativ til å opprette eit større internasjonalt Kunsten å lære-prosjekt.

Slik skal prosjektet organiserast

Fylkeskommunen etablerte eit formelt europeisk samarbeid med Storbritannia og Ungarn, og som “lead partner” skreiv fylkeskommunen, saman med partnerane, ein søknad til EU om midlar til Erasmus+ prosjekt.

Fylkeskommunen formulerte også i same periode ein søknad til Sparebankstiftelsen DnB. Rett før jul 2020 kom det positive svar på begge søknadene. Alt ligg no klart for å setje i gang eit etterspurt og unikt internasjonalt forskings- og innovasjonsprosjekt med varigheit til utgangen av 2023.

I Kunsten å lære vil Innlandet fylkeskommune ha styreleiar og prosjektleiar for prosjektet, supplert med styremedlemmar som representerer skule, kultur og forsking. Første styremøte er 15. april og dermed er prosjektet formelt i gang.