Forskingspilot
Kunsten å lære-piloten i Oppland var ein eittårig pilot (prøveprosjekt) tilpassa elevar i alderen seks til åtte år og norsk skulekontekst.
Dette var og er framleis eitt av få døme på studier med denne innfallsvinkelen i Noreg. («Ung kultur», Telemarksforskning 2019).
Samarbeid
Kunsten å lære-piloten vart gjennomført av Oppland fylkeskommune i samarbeid med opphavsorganisasjonen Creativity, Culture and Education (CCE), Høgskolen i Innlandet (INN), Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen og Kulturtanken.
Piloten var eit 12 veker langt program med kunst- og kulturaktivitet i tre skular i Oppland.
Konklusjon
Rapporten konkluderte i korte trekk med at det var enkelte positive og statistisk signifikante funn, ein indikasjon på at kunst i skulen har positiv effekt på utvikling av eksekutiv funksjonar.
Men ettersom det var ein forskingspilot med relativt lite utval og avgrensa tidsrammer, konkluderte ein med at det vil måtte gjennomførast ei breiare undersøkjing for å få tydelegare svar.