Korleis er undervisningsopplegga utvikla?

Eit utviklingsteam har stått for utviklinga av undervisningsopplegga. 

Utgangspunkt i teoretiske prinsipp

Vi har teke utgangspunkt i ei rekke teoretiske prinsipp frå kunstfeltet, pedagogikk, didaktikk og nevropsykologi (spesifikt forskingsteori om eksekutive funksjonar) i utforminga av undervisningsopplegga.

I tillegg har vi teke inn erfaringar frå pilotane og frå Kunsten å lære-skulane.

Utvikla i samarbeid

Kvart tema er utvikla i samarbeid mellom fleire i teamet, og ein av hovudforfattarane har fått ansvaret for å bringe ideen til eit fullverdig konsept. Konseptet vart so diskutert i eit utviklingsforum, før det vart skriven heilt ut.

Det ferdige temaet var vidare drøfta på nytt i utviklingsforumet og nokre gongar også i referansegruppa. Attendemeldingar frå desse instansane vart tekne inn i ei siste runde med revisjon, før temaet vart rekna som ferdigstilt.

Fire steg

Temaa er utvikla i fire steg;

  1. tema 1–6 er utvikla vår/sommar 2021
  2. tema 7–12 er utvikla hausten 2021
  3. tema 13–18 er utvikla våren 2022
  4. tema 19–24 er utvikla hausten 2023

Utviklingsteamet har utvikla og testa 144 økter på 90 minutt kvar, satt i eit felles overordna tematisk rammeverk.

Øktene har eit rammeverk på fire nivå:

  1. ein overordna introduksjon
  2. eitt dokument for kvart tema som gir oversyn over innhaldet i temaet og koplinga til norsk læreplanverk (K20)
  3. eitt eige ark for kvar økt som enkelt kan tas med inn i klasserommet (tosidig A4)
  4. arket har sin eigen tabell med mål, rom, materiell, tips og førebuing, saman med ei skildring steg for steg korleis ein kan gjennomføre aktiviteten

Du kan hente ut alle undervisningsøktene på t-tudok.hu

Nasjonal tilpassing

Kvart tema har vorte tilpassa for å fungere i norsk og ungarsk skulekontekst, med mål om mest mogleg likskap.

Små endringar har vore naudsynte, som til dømes at trollet som spel ei avgjerande rolle i tema 14 – Einsemd har vorte til ein drage i Ungarn. Dette er gjort for at ungarske barn skal oppleve same kjennskap til figuren som norske barn har til troll.

Koplingane til læreplanverk er sjølvsagt òg ulik, og har vorte tilpassa til dei ulike skulesystema. Alle temaa er til slutt omsett til engelsk. Desse er ikkje kopla til eit spesifikt læreplanverk, og har som mål å nå breiare ut med undervisningsopplegga enn dei norske og ungarske versjonane.

Kven har utvikla undervisningsopplegga?

Les meir om undervisningsopplegga