Lag eigne undervisningsopplegg
10 tips for å utforme læringsaktivitet der elevane er intellektuelt, emosjonelt, fysisk og sosialt engasjerte.
Modellen er utvikla som eit didaktisk hjelpemiddel til bruk ved utforming av nye undervisningsopplegg i tråd med Kunsten å lære sin læringsteori.
1. Kunstfaglege aktivitetar
- Bruk eit vidt spekter av metodar og aktivitet frå musikk, teater, dans, litteratur, visuell kunst, handverk
- Vel oppvarmings- og refleksjonsøvingar frå kunst og leik
2. Nysgjerrigheit
- Bruk «trigger» for å vekke nysgjerrigheit
- Skap overraskingar
- Ta utgangspunkt i elevane sine interessefelt
3. Prosess i fokus
- Vel opne, utforskande og kreative oppgåver og spørsmål utan fasitsvar
- Skap reelle samarbeid der alle sine bidrag formar resultatet
4. Autentisk og viktig
- Skap ekte oppdrag og utfordringar frå lokalsamfunnet (folk, institusjonar og rom)
- Læring innanfor ein kontekst må omsettast til andre kontekster - skap rom for det
5. Kompetente elevar
- Møt alle elevar med positiv forventning
- Læring blir skapt i samspel mellom lærar og elev, og elevane imellom
- Ta i bruk elevane sine spesialkompetanser
6. Fordjuping
- Gjenta øvingar fleire gongar, med avansering
- Ha tverrfaglege tema som går over tid
- Etabler fleksible tidsrammer (respondere på gruppas engasjement og behov der og då)
7. Sosial tilhøyre
- Bruk spekter av måtar å dele inn i tilfeldige grupper
- Varier mellom oppgåver i små, store grupper, individuelt og felles aktivitet
- Bruk aktivitetar som samlar gruppa
8. Risiko og utfordring
- Vis og presenter for kvarandre
- Aktiver kjenslene
- Øv på å ta risiko
- Tør å gjennomføre aktivitetar elevane ikkje kan. Dei lærer av kvarandre, av å gjera det i praksis og av repetisjon
9. Gøy!
- Bruk frileik, regelleik og leikbasert læring
- Verdset og gjenkjenn engasjement: korreksjon av stavefeil og hysjing kan øydelegge flyten
- Skil konstruktiv og destruktiv støy. Ta sjansen på å dumme deg ut, leike og le på jobb!
10. Refleksjon
- Bruk praktisk og varierte refleksjonsøvingar
- Reflekter undervegs og etter aktivitet
- Varier fokus og innhald i refleksjonen (bruk punkta 1-10 og over kva ein har lært i økta)
Sist endret 04.10.2024 14.04