Om undervisningsopplegga

Vennskap, virus, pizza, einsemd, flytteeske-mysteriet og solsystemet er alle døme på tema for undervisninga i Kunsten å lære.

24 tematiske, tverrfaglege opplegg

Gå til undervisningsopplegga på t-tudok.hu

Kvart tema inneheld læreplanmål for 1.–4. trinn. Alle undervisningsøktene inneheld ein oppvarmingsdel, ein hovudaktivitet og ein refleksjonsaktivitet. Kvar økt varer i 90 minutt og kjernen i metodikken er kunst og kultur.

Temaa bygger på kvarandre. Like fullt kan kvart tema stå fint for seg sjølv og kan enkelt tilpassast eldre elevar. 

Alle undervisningsopplegga er på norsk, engelsk og ungarsk.

Oversikt over alle temaa

  • Frå meg til oss
  • Heime hos oss
  • Venskap
  • Ordkista, del 1
  • Ordkista, del 2
  • Visning
  • I dine sko
  • Flytte-eske mysteriet
  • Fargeriket
  • Form-fangarne
  • Oppdrag skulestart
  • Visning  fritt val
  • Brevven
  • Einsemd
  • Virus
  • Virus visning
  • Pizza
  • Visning - fritt val
  • Solsystemet
  • Habitat
  • Kart
  • Energi-poesi
  • Energi-oppfinning
  • Visning - fritt val

Tips:  

Vi anbefaler alltid at du set deg inn i strukturen og læringsteorien som ligg til grunn for Kunsten å lære, for å betre forstå kva som er tankane bak undervisningsopplegga, og for å kunne justere og tilpasse til di elevgruppe i tråd med tanken som ligg bak.

  • Undervisningsopplegga kan lastast ned som PDF, og er designa for utskrift.
  • Eitt ark (fram- og bakside) tilsvarer ei økt, så du kan ta berre eitt ark med til klasserommet.
  • Du kan finne tema etter overskrifter eller du kan laste ned oversikt over kompetansemål fag for fag, og finne temaet som passar best til måla du vil ta utgangspunkt i.
  • Vi justerer nesten alltid undervisningsopplegga for å tilpasse til elevgrupper og rammevilkår.

Les meir om strukturen i undervisningsopplegga her: 

Meir informasjon: