Om performativ læringsteori
Læringsteorien Kunsten å lære baserer seg på er ein såkalla performativ læringsteori (1).
Performativ tyder «å gjere» eller «å sette i spel». På same måte som andre læringsteoriar seier denne noko om korleis og kva tid læring skjer best.
I performativ læringsteori skjer læring som eit resultat av, og best når heile mennesket er engasjert intellektuelt, sosialt, fysisk og emosjonelt, på ein og same tid.
Eksekutive funksjonar i hjernen
Eksekutive funksjonar er funksjonar som sit i pannebrasken og som fungerar som ein type flytande intelligens og som regulerer oss. Vi utviklar desse funksjonane i løpet av livet, og dei er sårbare for stress, mangel på søvn, mat og tryggleik.
Det er anerkjent at eksekutive funksjonar har større innverknad for korleis elevar gjer det i skulen enn IQ. Elevar med ADHD og autisme strevar med eksekutive funksjonar.
Eksektive funksjonar kan utviklast, og leiande forskarar på feltet meiner kunst og kulturaktivitet har ein nøkkelfunksjon i utviklinga av desse funksjonane (Diamond 2014).
Kjelde
(1) Omgrepet er i denne samanhengen lånt frå Østern, Tone Pernille, Dahl, Thomas, Strømme, Axel, Petersen, Jesper Aagaard, Østern Anna-Lena og Selander, Staffan: Dybde//læring – en flerfaglig, relasjonell og skapende tilnærming. Universitetsforlaget, Oslo 2019