Eit lite sokketroll utstilt.
Erik Brandsborg
Artikkelen Professional development for creative pedagogies: The Art of Learning as a model for practice and pedagogical renewal står på trykk i dent internasjonale tidsskriftet Impact.
Engasjerande og meiningsfull læring
Artikkelen viser korleis Kunsten å lære-modellen styrker profesjonsutvikling ved at lærarar sjølve får erfare kreative, kunstbaserte arbeidsmåtar og støtte til å ta dei i bruk i eigen praksis. Dette bidreg til meir engasjerande og meiningsfull læring for elevane, og reell endring i klasserommet.
Stadfestar relevansen til KÅL-modellen
Det er Marie Othilie Hundevadt, Németh Szilvia og Lamis Sabra som har skrive artikkelen som vart publisert 18. mai 2026 i utgåva Innovative and creative pedagogy. Impact er eit internasjonalt fagfellevurdert tidsskrift som koplar forsking og praksis i utdanningsfeltet, og publiseringa stadfestar relevansen av arbeidet som blir gjort i Innlandet.