Sosialt samvær med ulike aktivitetar var viktig under samlinga.
Mariann Bjelle
Sentralt i dei fem kurs- og møtedagane, var å avstemme forventningar og få svar på alle uavklarte spørsmål som måtte finnast. Og uavklarte spørsmål er det naturlig å ha før eit så stort forskingsprosjekt.
Nokon lurte på korleis elevane skal lære fagplanmål gjennom prosjektet (det lærer ein gjennom aktivitetane som skal føregå).
Andre spurte om korleis ein skal måle effekten av prosjektet (gjennom eit dataspel og eit spørjeskjema).
Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt, samt forskingsleiar Ulrika Håkansson var til stades og svarte på spørsmål. I tillegg deltok nokre av kunstnarane frå pilotprosjektet, samt nytilsett prosjektkoordinator Anne-Tove Mygland, som har bakgrunn som kunstnar og er spesialpedagog.
Felles forståing
Skulesjef i Lillehammer kommune, Trond Johnsen, sit i styringsgruppa og representerer skulen si side i prosjektet.
- Kjernen i å lukkast med prosjektet er at skulen og kunstnarane har den same forståinga av kva som skal foregå i prosjektperioden, sa han.
Johnsen har tru på at dei kreative læringsmetodane kjem til å få godt fotfeste i skulen og vil leve vidare etter prosjektperioden, dersom alle partar vert godt kjent med prinsippa bak kunst i opplæringa.
Kjenne metodane på kroppen
Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt hadde lagt opp til lange og innhaldsrike dagar der alle fekk ta del i ulike kreative læringsmetodar. Deltakarane fekk kjenne på kroppen korleis det er å verte utsett for kunstfaglege metodar.
- I tillegg til sjølve undervisninga er refleksjon heilt essensielt. Kvar undervisningsøkt blir avslutta med å tenkje over kva ein har vore med på, lytte til andre sine erfaringar og tankar, i tillegg til å dele eigne erfaringar, påpeikar Hundevadt.
Undervisninga skal vere basert på:
- uimotståeleg læring
- fagplanmål frå ulike fag, i tillegg til tverrfaglege tema og djubdelæring
- kunstfagleg metodikk
- aktive og skapande elevar som er fysisk, emosjonelt, sosialt og intellektuelt stimulert samstundes
- oppvarmings- og refleksjonsøving og gjentakast med avansering
- lærar og kunstnar som arbeider saman i klasserommet to dagar i veka
- lærar som gjennomfører ei ytterlegare økt i veka på eige hand
Kunstnarane fekk møte skulane
Ei "magisk" kiste er tatt i bruk i prosjektet.
Mariann Bjelle
Skulane som tek del i prosjektet var spente på å møte den kunstnaren dei sjølve skal jobbe med i dette forskingsprosjektet.
Og spente var også kunstnarane, som veit at det kviler eit stort ansvar på dei og den kompetansen dei kjem inn i prosjektet med.
Kunstnarane har ulik bakgrunn og vil utgjere ein samla trio som skal samarbeide om utviklinga. Dei vil vere knytt til kvar sin skule. Prosjektskulane får med andre ord ein hus-kunstnar i ein periode på to år.
Her kan du lese meir om kunstnarane.
Verdifullt nettverk
Med seg i bagasjen attende til skulane, hadde alle ei gullkiste som skal brukast i undervisninga.
- Det er ei "magisk" kiste klar for å fyllast opp av kreative læringsmetodar. I tillegg ønskjer prosjektgruppa at denne samlinga var starten på danninga av eit verdifullt nettverk av representantar for "Kunsten å lære". Eit nettverk der deling av erfaring, tankar om innhald og spørsmål, kan luftast, avsluttar Hundevadt.