Kunst og kultur styrkar læring

Barn lærer betre når dei får utforske, skape og samarbeide. Det viser dei samla funna frå Kunsten å lære.  

Ein rosa figur med tittelen Leksemaskin som står på eit bord. Skuleelevar i bakgrunnen. - Klikk for stort bilde Erik Brandsborg/Kulturtanken

Kunsten å lære er eit internasjonalt prosjekt som har forska på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen. 

Dei samla funna frå forskingsprosjektet viser at kunst- og kulturintegrert undervisning i grunnskular i Noreg og Ungarn, kan styrke læringsmotivasjon, sjølvregulering og fellesskap.

Resultata vart presenterte under Kulturytring i Drammen i dag. 

Her finn du begge rapportane.

Skulane ønsker vidareføring

Prosjektleiar for Kunsten å lære i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt, er glad for endeleg å kunne presentere resultata frå det fleirårige prosjektet. Erfaringane frå prosjektet, er så gode at alle skular som har delteke ønsker å vidareføre undervisningsmetoden med kunst og kultur.  

– To skular i Innlandet har fått moglegheit så langt, gjennom vidareføringsprosjekt. Kunsten å lære dokumenterer at kunst og kultur ikkje er pynt på kaka, men grunnmuren i elevane si læring. Kunstbasert undervisning gjev motiverte, glade elevar og betre resultat. Og, er det ikkje akkurat det vi alle ønsker for barna våre?, spør ho. 

Sentrale funn – meir engasjerte, sjølvstendige og trygge elevar 

Det er forskarar frå Universitetet i Innlandet som har gjennomført undersøkingane i Noreg og laga rapportane som no er klare.

Studiet bygger på ei stor mengde intervju og observasjonar med lærarar, rektorar, elevar, kunstnarar og føresette, i tillegg til den spelbaserte digitale Yellow-Red-testen, som måler kontrollfunksjonar hos barn i alderen 6–11 år. 

Medan testen viste lik utvikling hos dei som hadde kunst og kultur i undervisninga og dei som ikkje hadde det, viste den andre delen av analysen fleire positive endringar hos dei elevane som deltok i prosjektet. 

– Lærarar, elevar og foreldre fortel at barna gradvis har gått frå å søke etter det "riktige" svaret til å ta eigne val, prøve ut nye løysingar og sjå verdi i å gjere feil som ein naturlig del av læringa. Denne endringa tyder på auka evne til sjølvregulering, betre fokus og ein større evne til å tilpasse seg nye situasjonar. 

Det fortel Ulrika Håkansson som har leidd forskinga.

Prøving og feiling gir meistring og samarbeid

Undervisninga var prega av opne oppgåver der elevane fekk ta eigne val og lære gjennom prøving og feiling. Ein av rektorane i studiet påpeikte at elevane blei flinke til å kjenne att kvarandre sine styrkar og bruke desse i samarbeid. Håkansson stadfester dette synet: 

– Elevane vart meir sjølvstendige, trygge og betre til å samarbeide. Elevar som strevde i tradisjonell forstand, “blomstra” i det kreative miljøet.

Særleg utbytte for elevar som ofte fell utanfor 

Analysen viser at barn frå låginntektsfamiliar, Rom-barn i Ungarn og elevar med ADHD har hatt særleg god nytte av den kunstbaserte undervisningsforma – forutsett at dei fekk støtte og struktur. 

– Kunsten å lære bidreg til auka likskap og sosial inkludering i skulen, fortel Håkansson vidare.

Læring som varer – også utafor klasserommet 

Foreldre i studiet melder om elevar som tek med seg interessa heim, delar kunnskap vidare og kjenner seg frie og trygge. Dei fortel at læringsopplevinga i prosjektet legg grunnlag for ein meir aktiv kvardag på og utanfor skulen.

Utfordringar krev tilrettelegging 

Prosjektet peikar på ei reell utfordring: elevar som treng meir føreseieleg struktur må få tilpassa støtte. I tillegg krev samarbeidet mellom lærarar og kunstnarar god planlegging for at den kunstbaserte undervisningsmodellen skal fungere optimalt.

Fakta om Kunsten å lære

  • Kunsten å lære er eit internasjonalt prosjekt som har forska på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen. 
  • Prosjektet er leia av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Universitetet i Innlandet og samarbeidspartnar T-Tudok i Ungarn og CCE i England.
  • Universitetet i Innlandet har gjennomført forskinga i samarbeid med T-Tudok i Ungarn og har utarbeidd rapportane. 
  • Prosjektet inneheld eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar har samarbeidd om å gi elevane kunst og skulefag i kombinasjon, som ein del av «livet i skulen» over to år.  
  • Desse skulane var med i Noreg (i tillegg til tre skular i Ungarn): 
    • Fåset skole (Tynset)
    • Tylldalen skole (Tynset)
    • Alvdal barneskole (Alvdal)
    •  Jørstadmoen skole (Lillehammer)
    • Søre Ål skole (Lillehammer)
    • Aurvoll skole (Øyer)
  • Totalt har 644 elevar delteke i prosjektet.

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt, telefon 4002 84 305 (for spørsmål knytt til gjennomføring av prosjektet og vegen vidare)

Forskingsansvarleg Ulrika Håkansson, telefon 930 49 312 (for spørsmål knytt til forskinga og resultata)