Prosjekteleiar Marie Othilie Hundevadt har gått inn i tankemønstera som ligg til grunn for prosjektet Kunsten å lære. Ho seier også noko om bakgrunnen for at prosjektet kom til.
Her kan du lese heile masteroppgåva:
Kunsten å lære. Ei diskursanalyse av tankemønstera som ligg til grunn for Kunsten å lære-prosjektet 2021-2024
Intervju med Marie Othilie Hundevadt
Prosjektleiar for Kunsten å lære, Marie Othilie Hundevadt.
Mariann Bjelle
Les Marie sine svar på spørsmål om masteroppgåva hennar.
Kvifor valde du å skrive om akkurat Kunsten å lære i masteren din?
– Når ein jobbar med eit så stort prosjekt, der ulike fagfelt er involvert, har det vokse fram eit behov for å kunne forstå samspelet og relasjonane mellom fagfelta og diskusjonane i prosjektet.
– Det er gjennom undervisningsopplegga som går føre seg i skulen at det faglege innhaldet i prosjektet kjem til syne. Med masteroppgåva fekk eg høve til å dykke djupare ned i det faglege grunnlaget for utviklinga av alle undervisningsopplegga.
– Psykologisk institutt på Høgskolen i Innlandet måler effekten av prosjektet, altså hjernen si utvikling hjå elevane. Denne effekten er i stor grad avhengig av kvaliteten på undervisningsopplegga.
Kan du seie litt meir om kva fagfelt som er involvert?
– Kunsten å lære har tre bein: kunst, skule og forsking. Det er eit samarbeid mellom kunstfeltet på ei side, skuleinstitusjonen på ei anna side og forsking innan nevropsykologi på ei tredje side. Desse tre beina smeltar saman i eit felles produkt, i dei undervisningsopplegga prosjektet har utvikla.
– Noko av det eg var interessert i å undersøkje var korleis eit samarbeid mellom aktørar frå så ulike fagfelt også er eit møte mellom ulike fagspråk og ulike diskursar. Eg var interessert i å undersøkje korleis dette møtet spelte seg ut og avdekke både møtepunkt og skjeringspunkt.
Å vere prosjektleiar og samstundes skrive master om Kunsten å lære, kvifor dette breie arbeidet inn mot skulen?
– Det har skjedd ei endring i utdanningssektoren dei siste tjue åra. Det er ein økonomisk motivert utdanningspolitikk med avgrensa kompetansemål og vektlegging av internasjonale testar som PISA (2000). Dette har ført til eit auka fokus på norsk, engelsk, naturfag og matematikk. Medan kunst- og kulturfag og praktiske fag utgjorde rundt 20 prosent av undervisningstida i grunnskulen i 2000, var det same talet for 2010 12,4 prosent. Denne informasjonen finn eg støtte i hjå Skregelid (2022: 16).
– Tilsvarande funn eg har nevnt i masteroppgåva er frå Marthe Svendsen, som i NRK Trøndelag i oktober 2022 formidlar at elevane i norsk skule frå slutten av 80-talet til i dag har fått 1400 ekstra skuletimar. Desse skuletimane har i stor grad kome i 1.–4. trinn, og halvparten av dei kjem på toppen av eit ekstra skuleår som vart innført på 90-talet. Desse ekstra timane har i hovudsak hamna på norsk og matematikk, medan andre fag som kunst og handverk har vorte nedprioritert, og timeplanen har vorte mindre variert.
– Desse funna er verdt å undersøkje nærare gjennom både prosjektet og masteroppgåva, tenkjer eg.
Kan Kunsten å lære endre skulekvardagen tenkjer du?
– Kunsten å lære-prosjektet «forskar på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen» (kunstenalare.no), med mål om mellom anna å «auke tilgangen til kunst i skulen» (ibid.). Prosjektet kan vere eit viktig bidrag inn i samtalen om framtidens skule, ja.
Kva er ditt bidrag med masteroppgåva i denne samanhengen?
– Før eg starta masterarbeidet hadde eg ei kjensle av at «her er det noko». Denne kjensla handla om at ulike fagfelt og ulike fagspråk hadde kome saman i dette felles prosjektet. Eit prosjekt som er plassert midt i verkelegheita i skulen som skildra over, der kunst- og kulturfag har vorte marginalisert. Eit så umake samarbeid med aktørar frå så ulike felt som skule, kunst og forsking – kan det i det heile tatt gå bra? Er det eit samarbeid som er dømt til å mislykkast, eller er det tvert imot ein suksessoppskrift? Eller noko midt i mellom?
– Dersom vi finn ut at Kunsten å lære har positive effektar på hjernen si utvikling, og at ein med det konkluderar med at undervisningsmetodikken prosjektet er grunnlagt på kan tilføre noko til skulen, er det viktig at vi heilt klart og tydeleg veit kva som kjenneteiknar metodikken. Og ikkje minst er det viktig at vi har oversikt over kva det teoretiske grunnlaget for metodikken er. Masteroppgåva mi er nettopp denne dokumentasjonen.
Du har også sett på samarbeidet mellom dei fagfelta, kva har du kome fram til?
– Eg har som sagt lurt på om eit så umake samarbeid mellom ulike aktørar vil mislykkast eller ikkje. Gjennom oppgåva har eg lært at skulen er ein institusjon det er komplekst og utfordrande å endre, og at det i så fall krevst eit sterkt endringsverktøy. Eg har samstundes funne ut at nettopp samarbeidet, mellom kunst, nevropsykologi og skule, vel forvalta, kan verta eit veldig sterkt endringsverktøy.
Kva har det å skrive masteroppgåva gjeve deg av innspel til prosjektarbeidet?
– Oppgåva har gjeve meg meir tru på kor viktig det er å jobbe for at framtidas barn skal få meir kunst og kultur, ein meir praktisk, variert og engasjerande skulekvardag der dei vert drivne av eigen nysgjerrigheit og skaperkraft.
– Eg har også fått meir stå-på-vilje og verktøy i kofferten i kampen for å få til dette.