Om forskninga i Kunsten å lære

Ulrika Håkansson er forskingsleiar i Kunsten å lære. Her svarar ho på kvifor forskingen er viktig.

Forskningsleder i prosjektet Kunsten å lære Ulrika Håkansson ved Høgskolen i Lillehammer - Klikk for stort bildeForskningsleder i prosjektet Kunsten å lære Ulrika Håkansson Mariann Bjelle

Det er mange som meinar at kunst og kultur er viktig innhald i skulen. Fleire lærarar brukar metodar basert på kunst og kultur kvar einaste dag. 

For desse er det openbart at effekten er positiv. Men det er lite forskning på området. Prosjektet Kunsten å lære har som målsetnad å gjere noko med det, framskaffe bevis. 

Piloten i 2018–2019

Vi skrur tiden attende litt, til 2018, då Oppland fylkeskommune satte i gang prosjektet med tittelen «Kan kunst være nøkkel for utvikling av eksekutive funksjoner hos barn?».  

Her gjennomførte ein 12 veker med kunst og kultur i utvalgte klassar. Dette var og er framleis eitt av få døme på studier med denne innfallsvinkelen i Noreg. («Ung kultur», Telemarksforskning 2019). 

Konklusjon etter piloten

Piloten konkluderte i korte trekk med at det var enkelte positive og statistisk signifikante funn på at kunst i skulen har positiv effekt på utvikling av hjernen og evnen til å lære. 

Forskningspiloten hadde eit relativt lite utval elevar og avgrensa tidsramme. Difor konkluderte ein med at det burde gjennomførast ei breiare undersøkjing for å få tydeligare svar. Det er her vi er no, med Ulrika Håkansson i spissen for forskninga. 

Intervju med forskningsleiar Ulrika Håkansson

Kvifor gjer du og Psykologisk institutt, som du jobbar ved, denne forskninga? 

- Vi er nysgjerrige på om det finnast kreative læringsformer som kan betre utviklingen av hjernen. Ikkje minst vil vi sjå på om kreative undervisningsmetodar kan bidra positivt på opplevinga av å høyre til og meistre skulekvardagen. 

Utvikling av hjernen, kva meinar de med det i denne samanhengen? 

- Vi vil finne ut om dei eksekutive funksjonane i hjernen blir betre ved bruk av kreative undervisningsmetodar. Eksekutive funksjonar er ein paraplynemning for fleire ting som impulskontroll (inhibisjon), arbeidsminne og mental fleksibilitet. Vi veit at desse funksjonane er dei aller viktigste for å meistre skulekvardagen som barn.

- Å ha læringsopplegg som i Kunsten å lære, gir oss forskarar ny kunnskap knytta til måten ein kan tilpasse ein skulekvardag og skape eit utviklande miljø. 

Kva tenkjer du er spesielt med Kunsten å lære, kva observasjonar har du gjort deg? 

- I undervisningsopplegga kan ein sjå at ein har fokus på globale eksekutive funksjonar. Det vil sei at undervisninga famnar alle funksjonane samtidig. Det er også bruk av mange repitisjonar med stadig meir krevande øvingar. Dette er veldig fint for å kunne lære. At borna opplever å meistre samtidig som dei strekkjer seg, er eit godt utgangspunkt for læring. 

Elevar ved Søre Ål skule, Lillehammer, som tek del i prosjektet Kunsten å lære - Klikk for stort bildeElevar ved Søre Ål skule, Lillehammer, som tek del i prosjektet Kunsten å lære Søre Ål skole

- Når eg har vore i klasseromma har eg sett stor entusiasme blant borna som tek del i undervisninga. Det ser ut som at nysgjerrigheit og kreativitet vert trigga. Samtidig ser det ut som at ulike samarbeidsformer der involvering av alle får den ringverknaden at det skapar fellesskap.

- Aksept for at alle kan delta ut i frå sine føresetnadar, virkar å bygge empati hjå borna. 

Kvifor er positive resultat viktig, treng vi dette? 

- Det er viktig fordi det kan brukast til å gi ei retning på utviklinga av norsk skule. Dersom metodane fungerar positivt på hjernen si utvikling og samtidig betrar trivselen, er det eit viktig innspel med metodar som fungerar godt.

- Dei elevane som strevar med å finne sin plass i det meir ordinære skuleopplegget, vil ha stor nytte av slike metodar. Det er også eit viktig innspel i debatten om kva eigeskapar borna skal ha i framtiden. 

Når får vi vite resultata? 

- I løpet av 2024 skal vi kunne svare på om undervisningsmetodane i Kunsten å lære har positiv effekt eller ikkje.