Høgskolen i Innlandet (HINN)
www.inn.no
Institutt for psykologi har ansvar for forskinga på prosjektet. Dei skal forske på effekten Kunsten å lære har for utvikling av eksekutiv funksjon hjå den enkelte eleven som deltek.
Dei vil ta i bruk kvantitative indikatorar, BRIEF2 og Yellow/Red, og fylgje utviklinga både i Kunsten å lære-skulane og i skulane i kontrollgruppa. Resultata vil verta publiserte i etterkant av prosjektet.
HINN har vore ein aktiv samarbeidspartner i Kunsten å lære sidan gjennomføringa av Kunsten å lære-piloten i 2018
Creativity, Culture and Education (CCE)
www.creativitycultureeducation.org
CCE skal saman med Innlandet fylkeskommune utvikle alt innhaldet i undervisningsopplegget som Kunsten å lære er basert på, i tillegg til å bistå med kurs og rettleiing undervegs i prosjektet.
CCE er ein liten internasjonal stiftelse med base i England. Kjernen i arbeidet deira er å dele erfaringar og ekspertise til utvikling av kreative program i skulen.
CCE er anerkjend for Kreative partnerskap, og dei stod bak den fyrste Kunsten å lære-piloten (Art of Learning) i Skottland i 2017.
CCE har samarbeidd tett med Innlandet fylkeskommune gjennom Kreative partnerskap (i Oppland frå 2013 til 2017), samt i Kunsten å lære-piloten (2018). CCE utgjer saman med T-Tudok og Innlandet fylkeskommune den internasjonale prosjektgruppa.
T-Tudok
www.t-tudok.hu
T-Tudok er ansvarleg for å gjennomføre Kunsten å lære i Ungarn, parallelt med gjennomføringa i Innlandet.
T-Tudok er eit ungarsk forskningsinstitutt som sidan 2013 har gjennomført Kreative partnerskap i sin region Pech.
T-Tudok har samarbeidd med CCE og Innlandet fylkeskommune (Oppland) tidlegare, og relasjonen er fornya til dette prosjektet.
T-Tudok formar saman med CCE og Innlandet fylkeskommune den internasjonale prosjektgruppa.
Kulturtanken
www.kulturtanken.no
Kulturtanken er ein statleg fagetat for kunst og kultur til barn og unge, som også ivaretek det nasjonale ansvaret for Den kulturelle skolesekken.
Kulturtanken er representert i styringsgruppa for prosjektet, og sit i referansegruppe for utviklinga av undervisningsopplegget til Kunsten å lære. Vidare bidreg dei til formidling av resultata frå prosjektet.
Centre for Collaborative Learning for Sustainable Development (CCL), UNESCO chair v. HINN
www.inn.no
CCL er eit forskings- og læringssenter ved Høgskolen i Innlandet.
Dei er tildelt UNESCO Chair for utdanning for bærekraftig levesett, og jobber for å bidra til prosjekt nasjonalt og internasjonalt knytta til utdanning for berekraftig utvikling.
CCL bidreg med eit holistisk læreplanperspektiv inn i referansegruppa som jobbar med styrking av undervisningsopplegget.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i utdanningen (KKS), Nord universitet
www.kunstkultursenteret.no
KKS er ein nasjonal aktør som skal bidra til økt kvalitet i kunst- og kulturfaga i barnehagen og grunnopplæringa.
I Kunsten å lære bidreg KKS med publisering og formidling av resultata av prosjektet i etterkant. Samarbeidet med KKS vart etablert under Kunsten å lære-piloten (2018).
Centro de Desarrollo denTecnologias de Inclusion (CEDETI), Pontifical Catholic University i Chile
CEDETI bidreg til forskinga gjennom utviklinga av Yellow/Red, ein nettbrett-test av eksekutiv funksjon for barn.
Skulesjefane i Lillehammer, Øyer, Tynset/Alvdal
Prosjektet samarbeider med skulesjef-nivået i prosjektkommunene. Ansatte på dette nivået har bidrege inn i referansegruppe for utvikling av undervisningsopplegget.
Gruppa er representert i styringsgruppa for prosjektet gjennom skulesjefen i Lillehammer.
ADHD Norge
www.adhdnorge.no
ADHD Norge er ein frivillig organisasjon for menneske med ADHD.
ADHD Norge vil delta i referansegruppa, i drøfting av resultata i forskinga, samt med spredning av resultata frå forskinga.
Teater i Fjellregionen
Teater i fjellregionen på Facebook
Teater i Fjellregionen er eit interkommunalt samarbeid mellom Tynset, Tolga, Os, Rendalen, Folldal og Alvdal. Teateret som har som oppgåve å vera ein pådrivar og ein ressurs for ulike teaterprosjekt i regionen.
Teater i Fjellregionen samarbeider med Kunsten å lære ved å tilby kunstnaren som skal jobbe i Fjellregionen supplerende arbeid, noko som til saman gav ei fulltidsstilling i heile prosjektperioden.